Vi leiger ut det nye tårnet vårt for overnatting. I tillegg til fire sengeplassar i tårnet, er det 3 sengeplassar i Jårheim. Der er det også kjøkken og moderne bad. Tårnet er 10 meter høgt, med fire etasjar. Tårnet er bygd i tre med utstrakt gjenbruk av vindu, dører og panel. Kjøkkenkrok i første, arbeidsbenk og bibliotek i andre, lyst soverom med god utsikt i tredje og ein koseleg paviljong med romsleg altan i fjerde etasje. Tårnet ligg i skogkanten ved ei rikmyr med mange orkideartar. Elg, hjort, rådyr og skogsfugl held til i området. Det er gode turvegar og kjølmark like ved. Tre km til sporkjørt løypenett vinters tid. Ring 92485399 og be om tilbod.