Sauefjøs ombygd til møtelokale

Da foreldra mine slutta med ku i 1970 og vi tok over, starta vi med sau i gammalfjøset oppe i bakkane. Da vi flytta hit ned frå oppe i bakkane til nytt hus i 1976, måtte vi også bygge nytt fjøs til sauene. Det tok ikkje mange år før det vart for mye å gjera med foreldre som skranta og begge to i full jobb utanom bruket, så sauhaldet vart avvikla midt på 1980-talet. Seinare har huset vore bruka som uthus og arbeidsrom for Sissels diverse aktivitetar. Men fjøset var for bra til å stå slik til lite bruk, så da kom ideen opp om å bygge ut til møtelokale for å ta imot gjester til alvor og hygge, leik og moro.
Sissel og Reidar Almås, Lufallsvegen 30, 7212 Korsvegen Telefon 72853203- Mobil 92485399- www.jarheim.no – Org. nr. 969599678