Lokalhistorie og dialekt

Jåren og Hølonda har ei rik lokalhistorie og ein frodig dialekt. Interessa for hølond-dialekten er stor, sjølv om den er på vikande front i den yngste generasjonen. Men ei stor gruppe brukar Fjesboka til å halde kunnskapen om ordskatten ved like. Med utgangspunkt i bygdelaget Jåren, der Ungdomslaget Framsteg har virka sia 1919, har det vore skapt mye god bygdekultur. Framsteg hadde tidleg eiga boksamling og i lagsavisa Måltrasten vart dei store spørsmål i tida drøfta. I mellomkrigstida og fram til på 1960-talet vart det kvart år framført spelstykke i den bygdenorske amatørteatertradisjonen i ungdomshuset Vonheim. Her i distriktet var Erling Bredesen og Anders og Eystein Estenstad kjente namn frå datidas skrå breidder. I 1975 vart det etablert ein revytradisjon som har vart til denne dag i regi av «Jårateatret». Aktiviteten i song- og musikklivet har gått noe opp og ned, men i dag er den landskjente musikaren Ronny Kjøsen den fremste utøvaren. Naturen er ei viktig inspirasjonskjelde og som det heiter i Hølondsongen, som Eystein Estenstad har skreve tekst og Randi Merete Stenseth har sett tone til:

Hølonda-Hølonda,
med skogkledde åsar,
og solauga blomar i lauvkledde li.
Bygda som grensar til to store dalar,
med soge om folk frå ei utgammal tid.
Hør sus ifrå skog og li, storskogen stemmer i
/:Synger sin song om si kjæraste bygd:/

Eksempel på foredrag:
  • Hølonda og hølondingain ved ein av dei
  • Om hølonddialekten, ein overgangsdialekt mellom Gauldal, Skaun og Meldal
  • Løglege skruvar og anna folk i den tida da kvar grend og kvart bygdelag hadde sin eigen kultur
Sissel og Reidar Almås, Lufallsvegen 30, 7212 Korsvegen Telefon 72853203- Mobil 92485399- www.jarheim.no – Org. nr. 969599678